tirsdag 2. juli 2013

Kva har eg gjort?

Tanken var god, altså - eg skrudde opp sekatøren min og gjorde han rein etter alle kunstens reglar. Deretter gjekk eg i gang med brynet, og jammen vart ikkje eggen skarp att! Kjempegreier!

Så gjenstår det berre éi sak - å få alle delane saman att slik at saksa ser ut slik ho gjorde før... Hmmm... Kva er det eg har gjort?????!!

søndag 23. juni 2013

Dråpepynt

Blomane til denne planten er for lengst visne, men sjå kor vakkert regndråpane har lagt seg på blada. Det er nesten som eit smykke av store perler. Visst er hagen vakker etter eit regnvêr - trass i visne blomar!






















onsdag 19. juni 2013

Ugler i mosen?

I dag vil eg slå eit slag for mosen!

Nesten to timar brukte eg i går på å luke gras ut av mosen som veks på steingarden vår. Medan eg heldt på, slo det meg at dette kanskje kan verke fullstendig latterleg på folk - dei fleste gjer det jo omvendt, og brukar energi på å få mosen bort frå graset!

mandag 17. juni 2013

Nykomarane

Rundt uteplassen vår er der ein steingard. Denne er dekka av ulike sortar vakker mose - og sjølvsagt litt gras og løvetann. Elles er her nokre pyrineersildre pluss ein sukkulent som eg ikkje kan namnet på ennå. Denne månaden fekk mosen selskap av nokre nykomlingar som eg håpar vil trivast, breie seg ut og ta god plass. Her er presentasjonen av dei nye:

Dette er forresten ein liten del av Archers Gold (Thymus citriodorus), planta i eit hol i ein stein. Er spent på om han vil trivast.

fredag 14. juni 2013

Kan du tenke deg flottare gåve?

Forrige veke kom den flotte to og eit halvt-åringen vår stolt heim frå barnehagen med eit pappkrus som inneholdt ein tynn liten spire av ein erteblome. Denne hadde ho dyrka fram sjølv, og eg måtte sjølvsagt setje han i bedet med ein einaste gong.

mandag 3. juni 2013

Tulipanane i leikehagen

I Leikehagen har vi tre tulipanbed. Dette står like ved inngangsdøra og ønsker folk velkomne til oss.  Alle desse løkane var her då vi flytta inn, og gav oss ei flott overrasking den fyrste våren med hage. Eg likar godt at dei er sett med dei raude bak, dei orange i midten og dei gule fremst.

onsdag 8. mai 2013

Vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - i år!

Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg vakna 3. mai, og fekk sjå dette synet utanfor vindauget! Vår, liksom! Eg vart så skuffa at eg nesten grein. Men heldigvis - før eller sidan kjem våren, og det hendte i år også. Her har eg oppsummert litt av forvandlinga som har hendt i hagen til no i mai.