I Leikehagen har vi tre tulipanbed. Dette står like ved inngangsdøra og ønsker folk velkomne til oss. Alle desse løkane var her då vi flytta inn, og gav oss ei flott overrasking den fyrste våren med hage. Eg likar godt at dei er sett med dei raude bak, dei orange i midten og dei gule fremst.
Ein hageblogg skrive av ein hage- og bloggamatør. Her skal eg vise korleis eg arbeider meg gjennom eit fantastisk villniss av ein hage. Bli gjerne med på galskapen!
Viser innlegg med etiketten Løk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Løk. Vis alle innlegg
mandag 3. juni 2013
onsdag 8. mai 2013
Vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - i år!
Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg vakna 3. mai, og fekk sjå dette synet utanfor vindauget! Vår, liksom! Eg vart så skuffa at eg nesten grein. Men heldigvis - før eller sidan kjem våren, og det hendte i år også. Her har eg oppsummert litt av forvandlinga som har hendt i hagen til no i mai.
fredag 1. mars 2013
Den optimistiske våren!
Frå og med i dag trur eg på han - våren. No kjem varmen smygande, no kjem lyset nærare. Dagane vert lengre, og smyg seg nesten inn under huda mi, og eg kjenner det: Livskrafta, optimismen, gleda.
Dei siste dagane har eg tatt runder rundt huset for å sjå etter vårteikn, og sjå kva eg fann heilt inntil muren i dag: hagens første krokus! Dette er optimisme på høgt plan!
Dei siste dagane har eg tatt runder rundt huset for å sjå etter vårteikn, og sjå kva eg fann heilt inntil muren i dag: hagens første krokus! Dette er optimisme på høgt plan!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
