onsdag 19. juni 2013

Ugler i mosen?

I dag vil eg slå eit slag for mosen!

Nesten to timar brukte eg i går på å luke gras ut av mosen som veks på steingarden vår. Medan eg heldt på, slo det meg at dette kanskje kan verke fullstendig latterleg på folk - dei fleste gjer det jo omvendt, og brukar energi på å få mosen bort frå graset!











Eg synes mosen er så nydeleg at eg vil gjere alt for at han skal trivast og vekse seg stor og lubben.





I går kveld såg eg på Grønn glede på NRK, og der hadde dei besøkt eit par med ein fantastisk flott hage. Hjørdis i reportasjen hadde også dilla på mose. Ingen grunn til å føle seg åleine, med andre ord. Hurra for mosen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar