onsdag 8. mai 2013

Vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - i år!

Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg vakna 3. mai, og fekk sjå dette synet utanfor vindauget! Vår, liksom! Eg vart så skuffa at eg nesten grein. Men heldigvis - før eller sidan kjem våren, og det hendte i år også. Her har eg oppsummert litt av forvandlinga som har hendt i hagen til no i mai.


Beskjæring av ripsbusk, forsøk 1

Leikehagen har buskar også! Rettare sagt - maaaange buskar og mykje buskas. Nokre er planta av tidlegare eigarar og andre har nok funne vegen dit sjølv. Etter nærare kartlegging har eg funne fram til bærbuskane våre. To av dei veit eg er rips, for vi har nydt godt av store mengder raude, syrlege bær som smakar rips (ergo konkluderer eg med at det er det det er). Ein busk er stikkelsbær - der har eg ein gong funne to sure stikkelsbær. Den siste busken trur eg også er rips, men han har vorten fullstendig skjult av dei usympatiske parkslireknene, så eg har aldri fått bær på han.

Når desse buskane vart planta, veit ingen, men dei såg gamle ut då vi flytta inn i 2009. Etter dette har ingen beskåre dei, og no er det vel på tide?