Viser innlegg med etiketten Beskjæring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Beskjæring. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juli 2013

Kva har eg gjort?

Tanken var god, altså - eg skrudde opp sekatøren min og gjorde han rein etter alle kunstens reglar. Deretter gjekk eg i gang med brynet, og jammen vart ikkje eggen skarp att! Kjempegreier!

Så gjenstår det berre éi sak - å få alle delane saman att slik at saksa ser ut slik ho gjorde før... Hmmm... Kva er det eg har gjort?????!!

onsdag 8. mai 2013

Beskjæring av ripsbusk, forsøk 1

Leikehagen har buskar også! Rettare sagt - maaaange buskar og mykje buskas. Nokre er planta av tidlegare eigarar og andre har nok funne vegen dit sjølv. Etter nærare kartlegging har eg funne fram til bærbuskane våre. To av dei veit eg er rips, for vi har nydt godt av store mengder raude, syrlege bær som smakar rips (ergo konkluderer eg med at det er det det er). Ein busk er stikkelsbær - der har eg ein gong funne to sure stikkelsbær. Den siste busken trur eg også er rips, men han har vorten fullstendig skjult av dei usympatiske parkslireknene, så eg har aldri fått bær på han.

Når desse buskane vart planta, veit ingen, men dei såg gamle ut då vi flytta inn i 2009. Etter dette har ingen beskåre dei, og no er det vel på tide?