lørdag 2. mars 2013

Parkslirekne-spøkelset

Dei siste dagane har det gått opp for meg - uvitande amatør - at dei litt voldsomme bambusliknande vekstene bak huset er PARKSLIREKNE! Forøvrig eit plantenamn eg aldri har høyrt før, og slit med å både hugse og uttale, men det er altså det det er.

Det føles som om vi har fått ein diagnose på eit litt irriterande utslett, og så viser det seg at det er svartedauden sjølv som har banka på.

fredag 1. mars 2013

Den optimistiske våren!

Frå og med i dag trur eg på han - våren. No kjem varmen smygande, no kjem lyset nærare. Dagane vert lengre, og smyg seg nesten inn under huda mi, og eg kjenner det: Livskrafta, optimismen, gleda.

Dei siste dagane har eg tatt runder rundt huset for å sjå etter vårteikn, og sjå kva eg fann heilt inntil muren i dag: hagens første krokus! Dette er optimisme på høgt plan!