tirsdag 2. juli 2013

Kva har eg gjort?

Tanken var god, altså - eg skrudde opp sekatøren min og gjorde han rein etter alle kunstens reglar. Deretter gjekk eg i gang med brynet, og jammen vart ikkje eggen skarp att! Kjempegreier!

Så gjenstår det berre éi sak - å få alle delane saman att slik at saksa ser ut slik ho gjorde før... Hmmm... Kva er det eg har gjort?????!!









Etter ein heil kopp kaffi, mykje prøving og feiling (og ein god del rask pust og svette også) klarte eg det. Hurra!

Trur eg. No må eg ut for å prøve. Dersom dette fungerer har eg kome til neste nivå i haginga mi. Stolt.

God hagedag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar