mandag 17. juni 2013

Nykomarane

Rundt uteplassen vår er der ein steingard. Denne er dekka av ulike sortar vakker mose - og sjølvsagt litt gras og løvetann. Elles er her nokre pyrineersildre pluss ein sukkulent som eg ikkje kan namnet på ennå. Denne månaden fekk mosen selskap av nokre nykomlingar som eg håpar vil trivast, breie seg ut og ta god plass. Her er presentasjonen av dei nye:

Dette er forresten ein liten del av Archers Gold (Thymus citriodorus), planta i eit hol i ein stein. Er spent på om han vil trivast.


Her er morplanta til den lille i steinen. Archers Gold.
Her har vi ein Cape Blanco (Sedum spathulifolium). Her kan vi også sjå korleis han ser ut når han har blomar.
 Takløk (Sempervium eit eller anna)
Ein annan Sedum. Denne er lys gul på fargen, som namnet vitnar om: Yellow Queen (Sedum acre).
Filtarve (Cerastium tomentosum). På engelsk heiter han Silverstone - noko som passar godt til dei sølvaktige blada.
Engnellik (Dianthus deltoides erectus). Denne skal få djupraude blomar i juni/juli - vi får vente i spaning.
Hagesildre - på engelsk Highlander red. (Saxifraga x arendsii).
Og heilt til slutt - der muren møter husveggen - har eg planta ein alpeklematis i løkbedet mitt. Tanken er at denne skal vekse opp på og over muren, slik at han til slutt heng nedover og visast frå vegen. Desse får lilla/blå blomar tidleg på våren, og eg er spent på om det vert blomar dette året.

Og til alle de nye i Leikehagen - hjarteleg velkomne til oss, vi håper de vil trivast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar