onsdag 8. mai 2013

Vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - trallala vår - i år!

Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg vakna 3. mai, og fekk sjå dette synet utanfor vindauget! Vår, liksom! Eg vart så skuffa at eg nesten grein. Men heldigvis - før eller sidan kjem våren, og det hendte i år også. Her har eg oppsummert litt av forvandlinga som har hendt i hagen til no i mai.




Her kjem pyreneersildra (saxifraga x geum) - eller er det skyggesildre, skal tru? - med grøne friske skot i midten av den blodraude rosetten av blad som har holdt stand gjennom vinteren. Fantastisk fargekontrast - komplementærfargane viser seg i naturen!
Og kva er no dette? Ein eller annan steinbedplante, trur eg. Meir veit eg ikkje per i dag. Sjå denne flotte, store dråpen som ligg som ei skinnande perle oppå bladet!
Og her er nokre av dei få scillaene eg har saman med krokusane. Eg håpar desse får fotfeste slik at dei sprer seg.
Ein og annan perleblomst har eg også i løkbedet mitt. Her trengs fleire (og litt meir system, kanskje?)
Etter mykje søk på nettet har eg konkludert med at dette må vere frøvårkål (Ranunculus ficaria ssp. ficaria). Dette var ein plante som var vanskeleg å finne informasjon om, så dersom nokon som les dette har kunnskap å dele, vert eg glad! Planten har nydelege gule blomar, og ligg som eit teppe på delar av plenen (mosen) her.
 Blodripsen set farge i det elles brune terrenget.
Her har vårkjærminnene (Omphalodes verna) spreidd seg ut rundt og over(!) brønnen. Fantastiske søte blå blomar som minner litt om forglemmegei.
Dei gule krokusane har kome litt meir fram. I leikehagen er det desidert mest av dei blå, men akkurat i skråninga opp mot hagebua kjem dei gule fram.
Portrett av blodripsen. Synes det er ein sprek fargekombinasjon - den sterke rosafargen på kronblada, og den nesten orange midten.
Og sjå kva eg fann i går! Ein nydeleg plante med søte, uskuldige rosa blomar og vakre hjarteforma blad som er grøne med raude teikningar. Etter litt søking, fann eg denne også på nettet - det norske namnet er bispelue, og han finst visst i mange ulike fargar. Eg fall for denne, og skal prøve å dele han. Kanskje kan eg få tak i fleire fargar?
Dette biletet viser bedet ved inngangsdøra vår. Her veks det vårkjærminne, bispeluer og tulipanar. I tillegg kjem det mengder av storkonvall eller hybridkonvall - er ikkje sikker på kva slag det er ennå. Det eg er sikker på er at denne planten må begrensast noko - han overtek heile området i løpet av sommaren. To be continued..
Tulipanbedet ved inngangsdøra. Skal tru kva eg skal gjere her når det er slutt på tulipanane? Eg må finne andre fargeklattar som kan lyse opp og avløyse tulipanane. Tips vert mottekne med takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar