mandag 3. juni 2013

Tulipanane i leikehagen

I Leikehagen har vi tre tulipanbed. Dette står like ved inngangsdøra og ønsker folk velkomne til oss.  Alle desse løkane var her då vi flytta inn, og gav oss ei flott overrasking den fyrste våren med hage. Eg likar godt at dei er sett med dei raude bak, dei orange i midten og dei gule fremst.







I fjor sommar var vi på ferie i Amsterdam, og eg vart riven med då vi var på tulipanmuseet. Då vi gjekk derifrå, hadde vi kjøpt ca 70 løk etter innfallsmetoden. Under skal eg vise litt av resultatet. Dei låge, fylte gule og raude tulipanane var frodige nok, men ikkje heilt min favoritt. Synes dei vart litt for jålete. Ikkje passa dei så godt saman med dei andre tulipanane her heller, som har ein raudfarge som går meir mot det burgunder. Eg trur eg må prøve å ommøblere litt i dette til neste år. Skal tru om det går an å grave opp løkane igjen, for så å plante dei ut ein annan stad?


Portrett av ein av dei gode gamle..
Desse syntes eg hadde ein fantastisk farge - blåraud med orange kantar. Dei er ca 80 cm høge. Elegante.

Og dumme, uerfarne meg har ikkje tatt vare på nokon av namna på Amsterdamtulipanane. Snakk om å vere amatør! Vi kjøpte sju ulike sortar, og ingen av dei veit eg kva heiter. Denne trur eg byrja på P.
Ein annan anonym sort med ein sprek fargekombinasjon. Også desse er ca 80 cm høge.
Desse er nesten svarte i fargen, og nydelege. Dei står saman med nokon som er heilt kvite. Fin kontrast.

Eg la på litt kverna kvister i bedet. Syntes dette vart fint, og tenkte det var bra for jorda - heilt til eg las at nedbrytinga av bark (og det vert vel noko av det same?) stel energi frå jorda. Med andre ord, kanskje ingen god idé likevel?

Forstår ikkje heilt dette med bruken av bark, forresten - det er jo svært vanleg, eller kva?











Frå den villaste delen av hagen: Her veks det berre kratt, bregner, kvitveis - og éin enkelt tulipan! Så vakker der han står nesten heilt gøymt i skogbotnen.

Her er eit utsnitt frå villtulipanenga foran huset. Heller ikkje her har eg namn på sorten, men dei er noko av det finaste eg veit, og heldigvis sprer dei seg villig. Eg satsar på ennå fleire til neste år, og eg leikar med tanken på å få tak i andre villtulipansortar til hausten.

Eg må også tenke på kva eg kan plante saman med desse. Etter blomstringa her er det ikkje mykje att å skryte av, dessverre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar