
Ein hageblogg skrive av ein hage- og bloggamatør. Her skal eg vise korleis eg arbeider meg gjennom eit fantastisk villniss av ein hage. Bli gjerne med på galskapen!
fredag 1. mars 2013
Den optimistiske våren!
Frå og med i dag trur eg på han - våren. No kjem varmen smygande, no kjem lyset nærare. Dagane vert lengre, og smyg seg nesten inn under huda mi, og eg kjenner det: Livskrafta, optimismen, gleda.
Dei siste dagane har eg tatt runder rundt huset for å sjå etter vårteikn, og sjå kva eg fann heilt inntil muren i dag: hagens første krokus! Dette er optimisme på høgt plan!

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar