Når desse buskane vart planta, veit ingen, men dei såg gamle ut då vi flytta inn i 2009. Etter dette har ingen beskåre dei, og no er det vel på tide?
Det er berre eitt aber: Eg har aldri beskåre ein busk før - aldri!!! Tenk om eg gjer heilt feil og øydelegg dei? Slik har eg tenkt i fleire år, men no er det altså på tide å finne fram motet og prøve meg fram. Det verste som kan hende er at busken døyr, men då har eg forhåpentlegvis lært noko. (Og så får eg heller plante ny busk etterpå). Det er vel ikkje noko katastrofe, det?
Eg har sjølvsagt brukt dagevis (vekevis) på å lese meg opp på info - korleis? når? kor mykje? med kva? kor ofte? kvifor? Eg slukte alle tips og triks, og stod att med dette:
Når? - Tidleg vår (april). Nokre seier haust også, men flest skriv at rips skal beskjærast om våren.
Med kva? - Bruk sekatør (Kult ord på plantesaksa) og gjerne ei lita sag. Utstyrsparken til leikehagen inneheld begge desse verktøya.
Korleis? - Ta bort skada eller døde greiner, ta elles bort dei eldste, og la det stå att 4-5 unge friske greiner. Fjern greinene så langt ned som mogleg
Kor ofte? - Tja.. kvar vår?
Dette var nok info til å starte forsøket, and so I did! Den 10. april tok eg motet til meg, og her er dokumentasjonen:
![]() |
Dette er den eine ripsen før amputasjonen. |
![]() |
Rips før amputasjon. |
Dette vart teke bort. |
![]() | |||
Resultatet. (Beklager dårleg lys og dårleg bilete). |
No får eg vente i spenning gjennom sommaren og hausten og sjå korleis dette har gått. Kanskje vert det nye buskar, kanskje vert det mykje bær?
Er det nokre som har kommentarar, tips og triks angåande stell av bærbuskar, vert eg sjølvsagt lukkeleg for dette!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar