torsdag 28. februar 2013

Slik er hagen per i dag - februar 2013


Her er nokre bilete av huset og hagen. Typiske før-bilete: før-våren-kjem-bilete, før-arbeidet-startar-bilete, før-frustrasjonane-set-inn-bilete, før-vi-ser-at-vi-ikkje-rekk-halvparten-av-det-vi-vil-bilete og før-vi-legg-oss-langflate-og-ler-av-oss-sjølve-fordi-vi-ser-at-vi-har-tatt-vatn-over-hovudet-bilete. Enjoy:


Her er huset frå vegen, frå framsida. Vi har ein liten plenflekk rett foran her, som vi ikkje veit kva vi skal bruke til. Det er kronglete å dra klipparen over muren kvar gong berre for å klippe denne lille moseflekken. Førebels har eg berre planta tulipanar inntil veggen, så får vi sjå.

Inngangspartiet sett forfra. Til venstre for trappa er det eit stort fjellbed/steinbed. Etterkvart som det byrjar å spire her, skal eg legge ut bilete av kva som viser seg, og kanskje klarer eg også å finne namn på dei ulike plantane?







Uteplassen vår. Her er det eit stort bed inntil veggen, som heilt til i fjor stod urørt. No er der tulipanar, og eg prøvte meg på eit par klematis der i fjor. Klematisane (Polish Spirit) såg ikkje ut til å trivast der då, men kanskje det hjelp å få eit år på baken? Det vert spennande å sjå til sommaren.






Uteplassen vår frå litt avstand. Det er diverse tre som kastar skugge her, og nokre av desse skal vi prøve å få fjerna. Her vert det framleis diskutert litt i familierådet, så kjeglegrana tenker vi å prøve å gjere litt mindre før vi ev. fjernar henne heilt. Har ikkje peiling på om det går an å "forminske" ei så stor gran, men vi får prøve!







Eit lite villskot som skal bort! Og nokon har visst prøvt før..






Her er litt av granhekken vår mot naboen si tomt. Det er vanskeleg å få eit skikkeleg inntrykk av kor store desse granene er, men konturane til naboen sin hekk i bakgrunnen gir sikkert ein peikepinn. Naboen sin hekk har nemleg ein meir normal hekkstorleik. Eg gler meg til granene forsvinn, og det gjer sikkert naboen også!
 Kjeglegrana som vi skal prøve å temme.
Villniss i det eine hjørnet. Her er det mest nyperoser, bjørnebær og bringebær. Ingen av dei trur eg var inviterte i utgangspunktet. Eg grubler litt på korleis dette skal fjernast - er gravemaskin det einaste som hjelp, eller gift (er litt skeptisk til det)?







Ei furu som har vorte litt skamklipt fordi ho konkurrerte med straum- og telefonnettet. Denne tek vi også bort ved eit passande høve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar