tirsdag 26. februar 2013

Blomar i hagen - bilete frå juli 2010

Ein stor kvit rhododendron
I 2010 tok eg med meg kameraet ut i hagen og tok bilete av nokre av blomane eg såg då. Her er samlinga. Forrige veke gjekk eg gjennom bileta, og no trur eg eg har kome opp med sånn ca riktige namn på dei ulike aktørane her.

Det er supert om du legg att ein kommentar i kommentarfeltet dersom du ser noko som ikkje stemmer, eller om du har anna hagekunnskap å dele!




Hjertebergblomst: Sjarmerande blomar, men ikkje like fine blad, synes eg. Blada liknar litt på rabarbra, berre rundare, og planten sprer seg ut av min kontroll

Denne veit eg ikkje heller kva heiter. Han er ganske liten, men blomane er nydelege.

Vi har også ein del ville valmuar, både gule og orange. Synes dei er så fantastisk fine - enkle og skjøre på ein måte. Samstundes stikk dei fram dei mest utenkelege stadar.

Og her er epletreet vårt i full blomst. Seint på hausten - verkeleg seint, altså (november) vert det fullt av sure eple. Men det finst ikkje noko betre når ein skal bruke dei i mat. Har laga ein del eplekake og eitt år hadde eg også ein storproduksjon av ulike typar eplemos.

Dette er også nokon gode vener som eg ikkje veit namnet på. Dei dekker ein skråning, og det vert så vakkert når dei blomstrar. Blomane minner litt om forglemmeget, men dei står meir ein og ein, og blada er annleis. Hmm, her må det forskning til!

Villtulipan - så enkel, og så fantastisk!


I vinter har eg fråtsa i ulike hagebloggar, og eg har då lært eitt og anna. Blant anna har eg funne ut at denne blomen her må vere den som heiter humleblomst, eller Geum. Liker godt slike enkle, uskuldige blomar. Eg har berre ei lita tue av han, og han veks blant steinar nede ved vegen. Eg tenkte eg skulle prøve å dele han i år, sjå om eg kan få fram fleire, viss eg tør.

Kornblomst. På framsida av huset har vi ein miniatyrplen. Den er heilt ubrukeleg, då vi aldri oppheld oss der, han er for liten til å gjere noko særleg på, og det er steinmurar rundt heile, slik at det er eit styr å få plenklipparen opp dit. MEN: Han vert fullstendig dekka av kornblomster, og det er jo nydeleg! Samstundes er det så mange av dei, at eg ikkje har snev av kontroll, så denne lille plenflekken skal eg prøve å lage andre planar for. Kornblomstane skal eg prøve å ta vare på, berre ikkje like uhemma.


Gravmyrt: Desse har vi ein del av i steinbedet vårt. Dei dekker botnen godt, og har blanke blad. Det verkar som om nokon ser på denne som eit ugras, men førebels har vi berre hatt glede av han her i garden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar