tirsdag 26. februar 2013

Ny med hage, ny med blogg.

I dag kastar eg meg ut i det!
Eg er ikkje så ny med hage, men no - etter å ha budd her i snart fire år - skal eg endeleg sleppe hemningane og tørre å utforske litt. Blogging, derimot, er eg heilt ny med. Dette vert eit spennande prosjekt! Eg kastar meg uti det, let alle (nesten) hemningar fare, og satsar på prøve-feile-metoden på begge felt.
Her i bloggen har eg tenkt å dokumentere kva som vert gjort i hagen, vise reisa frå "før" til "no" og rett og slett setje ord på kva eg tenker, ønsker, prøver på - og også vise resultatet. Eg håpar å lære mykje for min eigen del, og kanskje kan andre lære litt også - eller i det minste få noko å le av..

For eit år sidan hadde vi besøk av ein "tredoktor" som hjelpte oss å beskjere nokre store tre som hang innover huset. Hans hagekommentar var: "Eg kan verkeleg sjå at dei som har hatt denne hagen har brydd seg om han! - Og det er også lett å sjå når dei slutta å bry seg!". Han peika på granhekken som sikkert ein gong for 30 år sidan var liten, tett og søt, og som no består av 15 m høge, svært mishandla og skamklipte graner. Skal legge ut eit bilete av denne "hekken", så får de sjå elendet!

Epletreet i blomst
Elles er tomta vår 1,4 mål og består av mykje stein, skugge og sur jord. Vi har verdas finaste epletre som blomstrar himmelsk og har svært gode (og mange) mateple, vi har eit par stakkarslege ripsbuskar som kjempar for livet. Vi har ein del blåbærlyng og til og med kantarellar! Når det kjem til hageblomar er eg no i ferd med å prøve å finne ut kva som finst, kvar dei står, kva dei heiter og kva i vidaste verda eg bør gjere med dei. Time will show! Til no har eg funne ein stor, kvit rhododendron, noko eg trur må vere eldkvede, ein Geum (humleblomst)?, nokre uskuldege iris, mange krokus i plenen og nokre steinbedplantar eg ikkje har peiling på. Vi har også eit stort område som er dekka av noko ubeskriveleg ugras - ser ut som bambus, veks til 2 m høge stilkar, og legg meter for meter under seg slik at alt anna liv går tapt. I år skal eg ta opp kampen! Vi har også eit vanvittig villniss av blant anna nyperoser av den onde sorten, bjørnebær- og bringebærkratt og ikkje veit eg kva som veks der, men dette må også til livs..
Liten detalj frå rhododendronen

Hovudplanen i år er: Fjern, ta bort, klipp ned, begrens - og så vil det vise seg kva som gøymer seg under. Eg skal leike, le og lære meg gjennom villnisset!

Yes, no er eg i gang! Mitt første blogginnlegg..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar