torsdag 11. april 2013

Vår - nytt liv!

Våren er den finaste årstida - det er så optimistisk å sjå at plantane vert vekt av dvalen, så fantastisk å sjå dei fargerike blomane trenge seg opp av den grå og brune bakken, eller rett gjennom snøen!
Leikehagen har ein del løkplantar, og her skal eg prøve å vise kva som finst, og kanskje gje eit inntrykk av korleis det ser ut. Det er fullt av blå krokus i plenen. I byrjinga av april ser det slik ut.





















Eg fann faktisk éin gul krokus også - på veg opp mot hagebua vår. Kanskje kjem det fleire etterkvart?




















Sjå korleis desse krokusane og snøklokkene trenger seg fram mellom steinhellene og trappa! Dei må ha spredd seg sjølve - det er ikkje plass å sette løk her. Snakk om pågangsmot!



I sommar tok svigers spada i eigne hender og spadde opp eit gammalt, gjengrodd bed. Her var det ikkje anna enn gras, (mest ugras), nokre løkplantar om våren og fullstendig fullt av gamle røter. Dei spadde seg nedover og fjerna enorme mengder av røter - litt av ein jobb! Eigentleg burde eg nok ha fortsett det gode arbeidet og gjort det heilt perfekt før eg sette noko som helst i dette bedet, men på grunn av at vi måla huset og hadde stillas ståande over bedet heile sommaren, vart det ikkje noko av å jobbe vidare med bedet. (På biletet under ser de ein av to klematis, Polish spirit, som eg planta i fjor sommar - alt for grunt og alt for tett. Dette er ei historie eg skal blogge om seinare.. Det anar meg at klematishistoria mi kjem til å trenge eit eige blogginnlegg.)

Plutseleg vart det haust, og skulle eg få tulipanløkane mine frå Amsterdam i jorda i tida, måtte eg berre få sett dei i bedet slik det var og håpe på det beste.




















Eg var sikker på at krokusane som hadde vore her før var borte - alt hadde jo vorte snudd og vendt på! Men sjå no - her er det både krokus, scilla og jammen kjem ikkje tulipanløkane mine også fram i lyset! Hurra for våren!
 

3 kommentarer:

  1. Hei Nina! Hjertelig velkommen til bloggland. Så kjekt at du kaster deg inn i det. Jeg er rimelig fersk med begge deler selv. "Møter" mange fine folk her og kan hente inspirasjon og tips i bøtter og spann. Blir spennende å følge deg og hageprosjektet ditt fremover:) Vi "ses".

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, og takk for koseleg velkomsthelsing til bloggland. :-) Eg har også funne ut at det ligg enorme mengder tips og idéar ute på alle dei fine bloggane, og kosar meg med å lese. Takk for dine bidrag til dette, og flotte bilete i "Enerhagen".

      Slett
  2. Hei igjen! Så koselig at du vil følge blogglivet på Enerhagen. Varmt velkommen som følger. Setter stor pris på det:)

    SvarSlett