lørdag 2. mars 2013

Parkslirekne-spøkelset

Dei siste dagane har det gått opp for meg - uvitande amatør - at dei litt voldsomme bambusliknande vekstene bak huset er PARKSLIREKNE! Forøvrig eit plantenamn eg aldri har høyrt før, og slit med å både hugse og uttale, men det er altså det det er.

Det føles som om vi har fått ein diagnose på eit litt irriterande utslett, og så viser det seg at det er svartedauden sjølv som har banka på.



Eg har med store auge og høg puls lese på ymse nettsider om dette monsteret av ein japansk invaderande tyrann, og har nærmast vore vaken om nettene og grubla på korleis vi skal klare å forhalde oss til det før det eventuelt tek over hagen, huset og - ikkje lite sannsynleg heller - heile nabolaget til slutt! Dette er starten på slutten for oss alle.

Kanskje er det like lurt å berre skrinlegge heile hageprosjektet, legge ned den nystarta bloggen og byrje med ein annan hobby? Kanskje kampsport er passande? Kanskje bør vi selge gard og grunn og flytte inn i ei leilighet utan så mykje som ein kvadratmeter stor veranda til å verte frista til å ha planter på?

Så vidt eg kan forstå er dette utysket nærmast umogleg å verte kvitt, grunna følgande:
  • lange, djupe røter sørger for at planta stadig erobrer meir land
  • ein tommelfingernegl stor bit av ein stengel vert ein ny plante
  • klipper ein han ned, vert han meir og meir frodig
  • røtene kan overleve under jorda i mange år
  • deler ein ei rot, til dømes med spada i eit forsøk på å grave han opp, får ein ein ny plante
Eg ser for meg alle desse åra, då eg har prøvt å klippe han ned, og - grøss og gru - lagt avkappet i komposthaugen!

Etter å ha tenkt, hatt mareritt, lese og lese meir, har eg roa meg litt og kome fram til følgande:
  • vi skal ikkje selje huset ennå, men heller vente litt og sjå
  • i og med at vi har levt saman med uhyret i fire sommrar no, utan å vite at dette var det verste uhyret, kan det ikkje vere sååååå gale, eller?
  • på den tida vi har budd her, har ikkje dragen kome så langt ut av hola si, altså spredninga er førebels på eit avgrensa område
Per i dag ser det jo ikkje sååå skrekkinngytande ut:

Heldigvis har eg ein mann som er både rolig, sindig og vant til skarpe oppdrag, så han hjelpte meg med ein alldeles nødvendig mental debrief. Etter dette ser eg for meg følgande strategi:
  • ta bort det visne og brenne det no før spiringa
  • la skurken få krype fram frå det skjulte, altså vente til han har store grøne blad, og anar fred og ingen fare
  • ta fram tåregassen - eller den supersterke roundup-en, då. Her får prinsippa fare, og eg trur forresten ikkje ein kjem så langt med dialog og forhandling i dette tilfellet heller..
  • vurdere om vi skal prøve å dekke heile området med noko tungt

Vi har ein plan for i år - hysj, ikkje sei noko! Ein skal ikkje undervurdere overraskelsesmomentet i slike operasjonar!

Er det nokon som har erfaringar å dele - kom med dei, vi har inga tid å miste!



2 kommentarer:

  1. Hei Nina. Så spennende med ny blogg. Gratulerer.

    Jeg har en kamerat som hadde parkslirekne, og har eksperimentert litt. Hans konklusjon er at det beste er å kappe stenglene, dryppe sterk Roundup (gartnervarianten) nedi hvert hull - og gjenta prosessen noen ganger. Forutsetningen er at "slireknærne" er i vekst, så det er litt tidlig ennå. Det er helt håpløst å grave opp - om du ikke har en diger gravemaskin i garasjen, sånn tilfeldigvis..

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, Maria - så kjekt at du har lese bloggen min! Og takk for tips! Det høyres ut som ein meir kontrollert gift-variant du beskriv, lettare å ha kontroll (når ein drypp, slepp ein jo å få all gifta i lufta på same måte som med sprayen). Skal jammen prøve dette når det nærmar seg sommar! Har verken garasje eller gravemaskin.. :-)

      Slett